fredag 20. november 2009
Som det billigaste sukkertøyet i smaken. Med kaffi som har stått eit døgn i kolben, varma opp i microbølgeovnen. Utvatna, lunken saft. Og ein dose sur mjølk.
mandag 16. november 2009
"Yri? Heiter du det? Det har eg bare høyrt ein gong før."
"Har du høyrt det før?"
"Ja, eg jobbar med ei som heiter det.."
"Åja, du jobber med mammaen min!"
Liten verden.
"Har du høyrt det før?"
"Ja, eg jobbar med ei som heiter det.."
"Åja, du jobber med mammaen min!"
Liten verden.
Ein økonomisk modell
Pengar. Ein heilt forferdeleg ting å liggja søvnlaus heile natta for. Det kvernar rundt i hovudet mitt. Så mye og så høgt at eg trur eg held heile nabolaget vakent. I alle fall dei to rekkjehusa som ligg ved sida av vårt. Eg ligg på sofaen, fordi eg ikkje vil halde min kjære vaken. Eg ligg bare å vrir meg. Blir for varm. Tar av meg dynen. Blir kald. Tar på meg dynen. Synes lufta blir for dårlig. Åpner vindauget. Bjørnar vakar fordi eg flytter så mykje på meg. Held rundt meg. Etter fem minutt er eg lei, og flyttar armen hans. Og så blir eg sint. Ikkje eigentleg på han, men likevel. Det var rett før eg sparka han ut av senga og heilt heim til seg sjølv i går. Men i staden for gjekk eg og å la meg sofaen. Der eg til slutt, kanskje klokken seks, sovna framfor CSI New York. Nå kan eg det og bli nemnt at eg nesten ikkje har sove denne veka. Eg har jobba hardt og mykje, i tillegg til at eg var dritings på fredag og full på torsdag og lørdag (etter jobb). Ja, fredag hadde eg jo fri. Og eigentleg søndag og, men John Olav & Gjengen måtte inn på Folken 12 for å hente utstyret mitt, så då måtte eg jo opp. Beklager at eg forsov meg, og beklager spesielt at telefonen min var tom for strøm. Hadde eg vore Lars den morgonen, hadde eg døydd.
Men når eg vakna i dag, for kanskje ein halvtime sidaen, eller litt meir, men ein er ikkje våken med ein gang ein åpner auga, var klokka mykje. Sånt gjer meg tiltakslaus. Eg meiner, eg kunne ha dusja, kledd på meg, leita fram busspengar, satt meg på buss nr. 1 og håpt at den gjekk vidare mot Forus etter sentrum. Hvis ikkje måtte eg gått av då, og brukt beina opp Lagårdsvegen, og satt meg i kø på Skattekontoret. Men då hadde eg brukt all den tida forgjeves, for dei skriv ikkje ut skattekort lenger. Eg kødder ikkje. Dei gjer ikkje det. Du må like gjerne bestilla dei på internett, for dei sender det bare heim til den folkeregistrerte adressa di uansett. Då måtte eg dratt til folkeregisteret først. Men seriøst. Hadde ikkje eg skrive dette innlegget, hadde eg ikkje kome på denne informasjonen, som Marius gav meg på onsdag. Iik. Eg trur eg hadde blitt heilt deprimert om eg var på skattekontoret no. Men saka vidare er, får ikkje til å gjere noko, når eg sovnar 6 om morgonen og ikkje kjenner meg opplagt når eg vaknar, og eg sitt her og tenkjer at eg må vaska huset og kleda mine i tillegg. Så eg går ikkje ut, eg sørgar aldri for å få skattekortet mitt. Fordi eg ligg vaken heile natta. På grunn av at eg har lite pengar. Ser du, mann? Eg er håplaus. PS Crew skylder meg masse pengar frå Coldplay. Og eg skal ha lønn for jobbing både på City Bistro og Rema 1000. Og eg må kontakta Gateway College, så har dei og pengar til meg. Dei treng eg for så vidt ikkje skattekort for å få. Eg kan vel byrja der, då. Men herregud, eg lover dykk, hadde dykk visst, kor vanskeleg det er. Eg trur ikkje det er pengane som held meg oppe om natta ein gong, det er sikkert berre vita om eg er så utruleg... eg veit ikkje. Tiltakslaus. Ambisjonslaus. Håplaus. Ute av det.
Sånn apropos "gjør Fjorden Baby! så store at eg blir rik"-prosjektet: Nam skriver at dei er ute med nytt merch! Snart... Løp og kjøp!
NB! Det er ikkje lov til å nemne denne teksten for min mor, ettersom ho ikkje forstår at eg sett ting på spissen når eg skriv.
----------------
Now playing: Florence Valentin - Mitt Allt

søndag 15. november 2009
John Olav & Nilsen & Gjengen & Dei
Eit kvart menneske som kjenner meg over gjennomsnittleg godt, ville forventa at eg skreiv litt om John Olav Nilsen & Gjengen dagen etter at dei spelte ein fantastisk konsert på Folken. Og eg kan jo ikkje skuffa fansen. Det var nydelig. Det var super stemning. Dødsbra lyd. Og dei speler så fint. Har du ikkje vore på konsert med Gjengen endå, er det på tide å byrja å leita etter billetter. For konserten i går var eit unntak frå alle dei andre til bandet, ettersom den ikkje var utsolgt. Ikkje at det er negativt. Det er vanskeleg å slå i gjennom på bergensk i Stavanger. I tillegg til at konsertoppmøte i Stavanger generelt er dårleg. Men så må det og nemnas at sjølv om det berre blei solgt 300 billetter til konserten, var det sikkert 500 folk i Storsalen i går, ettersom det var ein del som hadde Nordic Music Week-festivalbånd og dagspass i tillegg. Beautiful.
Vidare var jo Fjorden Baby! i byen, med konsert både på Checkpoint Charlie og Metropolis. Kjekt å sjå dei igjen, verkeleg. Og i betre form enn sist gong dei var i byen, for dei som lurte.
Min venn Jan Eivind sa for så vidt at den dagen han blir rik, skal eg få hundre kroner dagen av han. Derfor: HYPE FJORDEN BABY! Arranger konsertar med dei. Gå på konsertane deiras. Kjøp albumet. Høyr på dei på Spotify. Og så vidare.
Fordi eg er blakk, og det er det eg ønskar meg til bursdagen min på tysdag.

mandag 26. oktober 2009
Jim Jarmusch
Dei fleste har kanskje fått med seg namnet, på ein eller annan måte. Diverre har ikkje alle det. Og nå tenkte eg berre å dedikera eit innlegg til denne fantastiske, fantasifulle mannen.
Først av alt: Jim Jarmusch lagar dei finaste filmane i verda. Fulle av kvardagssamtalar, morosame smådetaljar gøymt overalt, intelligens og herleg stemning. Flesteparten av dei handlar hovudsakleg om folk som preiker. Enkelt og greit.
Eg kjem aldri til å gløyma første gongen eg såg Coffee and Cigarettes. Me var ein god gjeng, gode folk, samla i stua heime hjå mamma. Det var meg, Oli, Jokke, Linn, og eg kan ikkje hugsa resten, men me var fleire, ja? Me kokte store mengder kaffi og hadde sikkert førti sigg kvar, og vakna med håse stemmar og ein god kjensle i heile kroppen dagen etter på. Eller, så vidt eg kan hugsa, fekk eg ikkje sova før Oli og Linn skrudde på Chocolat rundtom 4 om natta, på grunn av all koffeinen, så eg hadde sikkert ein grusom dag på skulen. Men det var verdt det. Og ja, Coffee and Cigarettes handlar om akkurat det. Kaffi og sigg. Man, that's a combination.
Vidare var det Down By Law. I screma. You screma. We all screma. For icecrema... Trur den songen gjekk igjen i gjengen mange år etterpå. Framleis i same stue, me såg denne. Takk til min kjære mor som haldt ut med masse bråkete ungdom og film i stua. Handlar om tre fangar på rømmen.
Neste filmen eg såg var Mystery Train. Eg kjøpte han i julegåve til Jokke. Forsåvidt byrja heile greia med meg og Jokke. Christian, min beste venn og bofelle, Jokke sin storebror, hadde sett Dead Man, og var heilt crazy over heile filmen. Og soundtracket. Faktisk, har eg høyrt soundtracket mange gongar, men ennå ikkje sett filmen. Kun fordi Christian høyrte på det heile tida. I alle fall, han preika masse om Jim Jarmusch til alle, og meg og Jokke tok det vidare. Lurar på kvifor Christian ikkje var med på det... Var vel på dei tider me byrja å forsvinna ut av liva til kvarandre. Sånt skjer jo.
Men ja. Jul. Jokke fekk Mystery Train. Dette var på dei tidar Jokke fekk seg eiget rom i hybel. Flytta ut heimefrå for første gong, liksom. Det var ei fin stue i kollektivet, men dei hadde ikkje DVD-spelar, så han fekk låna Playstationen min. Difor bestemte me oss for å bruka ein kveld på filmen han hadde fått av meg, i hans stue, på min Playstation, med pizza og pils. Ein heilaften! Utruleg fin film med tre forskjellege historier. Eg vil ikkje sei så mykje meir, for det må helst sjåast.
Ein gong eg satt heime hjå pappa, ramla eg over Night On Earth. Diverre fekk eg ikkje med meg heile filmen, men mesteparten. Fekk med meg alt frå New York-scena. Det betyr at eg berre gjekk glipp av den første, Los Angeles. Filmen handlar om taxiturar på nattestid, verda rundt. Eller, dei to nemnde byane, Paris, Roma og Helsinki. Og nei, alle preiker ikkje engelsk. Eg trur dette er min Jarmusch-favoritt, så langt.
I går såg eg Ghost Dog. Det er ein mafia-film, my god. Mafia og Jarmusch, blanda inn med The Way Of The Samurai? MÅ BLI BRA. Og ja, det var utruleg bra. Full av genialitet på høgt nivå. Hovudpersonen er ein sinnsjukt stor neger som arbeider som tidenes beste hitman, og som kjem i ueinigheit med mafian. Meir er det ikkje vits å sei, men få filmen med deg. Filmen er sjølvsagt krydra med herlege personlegheiter, som for eksempel iskremmannen som berre preiker fransk.
Eg lovar å skrive meir om Jarmusch når eg har sett fleire filmar. Om du vil vita meir, har du IMDb.

fredag 23. oktober 2009
Sjå meg, kjenn meg, fang meg, hold meg.
Eg er naken. Utanfor byrjar det så vidt å bli lyst. Eg sitter naken i sofaen. Eg har viklet et lite håndklede rundt den nakne kroppen. Det dekker langt i frå alt. Bygningsarbeidarane kan sjå rompa mi når eg lener meg over kjøkkenbenken for å trykke på kaffitrakteren. Hvis dei snur hovudet i riktig retning. På rett tidspunkt. Eg like naken som du er forutsigbar. Om to minutt kjem mobilen din til å vekka deg. Du kjem til å plassera den eine foten på den kalde parketten. Trekkja den tilbake. Sukka oppgitt. Setta deg opp å plassera begge føtene på golvet. Gni deg i auga. Reise deg og gå på badet. Kaffien kjem til å vera ferdig ca. då. Lukta vil ha spreidd seg rundt i heile leiligheita. Gje deg eit lita smil om munnen. Du kjem til å sjå at eg er naken. Men ignorera det. Du kjem ikkje ein gang til å lura på kvifor eg plutseleg er tidleg oppe. Kvifor eg har laga kaffi. Kvifor eg er naken. Kaffien kjem til å vera brennheit når du byrjar å sippa. Du kjem til å brenna deg på tunga. Kjem til å tenna deg ein sigg. Eg kjem til å røyka eg og. Naken. I sofaen. Med eit lite håndklede som ikkje dekkar alt. Stua er mørk. Mørkare enn utsida. Persiennene er lukka. Sjølv om lyset pressar på, er det framleis mørkt her inne. Ingen kan sjå inn her. Men det hadde ikkje gjort noko om dei kunne. Ikkje for meg. Kanskje for deg. Og eg skulle sei til deg at eg elskar deg. Men eg gjer ikkje det. Eg bare sitt her. Lurar på kvifor du ikkje spør om kvifor eg er naken. Medan kaffien svir tunga di. Og siggen forureinar lungene dine.
torsdag 22. oktober 2009
Dei gule blada blir brått og brutalt reve frå greinene
Vinden lager ein eller annen særs irriterande lyd. Som om eg nokon sinne kjem til å få sova med den. Blafring. Mildt sagt. Høyres nesten ut som ein grasklippar på taket rett utanfor vindauget. Eg reiser meg for å lukka det igjen, og blir sjokkert over den stjerneklare himmelen. Hadde sett for meg grå skyer fulle av vatn. Kommande regn. Men den gong ei. Skarpt lys og skjerf rundt halsen kjem min veg.
Ikkje blei det betre av å lukka vindauget heller. Helvetes mas.

Abonner på:
Innlegg (Atom)