For å kobla om hjernen litt, som er overfyllt av ex.phil, vil eg i dag skriva om, ein heilt fantastisk TV-serie. Ein av dei, som du verkeleg burde sjå. Kanskje den morsomaste i verda. Og ikkje langtrukken, berre tri sesonager finst det.
Black Books, heiter den. Og den handlar om Bernad Black som driv ein bokbutikk, men som heller drikk vin, røyker sigg og... sover, framfor å gjere regnskap, rydde og forhalde seg til kunder. Bill Bailey spillar fantastiske Manny, og saman med Fran, som driv butikken ved sida av Bernad, utgjer dette hovudpersonane i serien, der alle andre ein møter på berre er biroller.
Så veit eg ikkje kva eg skal seie. Det er britisk, spydig og smålig bisarr humor på sitt beste. Og til tross for at Bernad er sånn, det skitneste, sinteste menneske på denne jord, er det umogleg å ikkje bli littegrann forelska i han. Så jævlig er han faktisk.
Vidare er det ein av dei seriane ein berre blir meir og meir glad i, jo fleire gongar ein ser han, så det er berre å setta i gong.
Så mykje meir vil ikkje eg seie, utanom "Which one of you bitches wants to dance?"
----------------
The Concretes - Good Evening
onsdag 3. november 2010
Fran will fail, you will toil your life away and I will die alone upside down on the floor of a pub toilet
Etiketter:
tv
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

0 kommentarer:
Legg inn en kommentar