Eg satt der, ein time før deadline, medan eg kjente alkohol blanda seg med feber-svime, og vurderte om eg skulle gå inn på internett på telefonen min. Levere derifrå. Kort og konsist, ein liten tekst. Eller berre nokre få ord, for å forklara min mangel på bakkekontakt, min svevande tilvering.
Men det var andre ting som reiv i meg, mitt sakn etter min far, mine bekymringar, mine draumer, min kjærleik. Eg er meg sjølv lik, og det er ikkje så mykje å gjera med det.
Å kunne, å ville, er ikkje å utføra.
Og ein kan hella nerpå så mykje kaffi ein berre vil, ta overdose på c-vitaminar, elska natten lang, gråte kvar morgon ein våknar etter alt for få timer svevn; men det er ikkje noko.
----------------
Regina Spektor - Samson
tirsdag 7. desember 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

1 kommentarer:
det høres fantastisk ut
Legg inn en kommentar