søndag 6. mars 2011

Ein liten hyllest

...eller noko sånt. Til Radiohead. Radiohead er eit heilt fantastisk. Det er faktisk det beste bandet i min verd, i mitt hovud, i mine øyre. Noko av det eg likar best, er at det er så privat. Ein kan stort sett ikkje settja på Radiohead i så mange sosiale settings, for folk hadde bare blitt deprimerte. Det er på ein måte laga for å høyre på åleine, i sofakroken, med eit stort headset, under eit teppe. Nokre hits bler jo spelt her og der, men om ein verkeleg skal lytta på Radiohead, så... er det for seg sjøl det passar best. Eg har ikkje ein gong ord, det er så mykje som er fint med bandet. Eg såg dei live på Roskilde i 2007, og det var heilt fantastisk - samt alt for lenge siden. Eg saknar kjensla eg hadde, då dei kom tilbake på scena, og spelte fantastiske Karma Police, akkompagnert av heile publikum, medan eg lukka auga og trykka handa eg heldt i, og grein.

Men sjølv om eg hadde hatt ord, så hadde dei ikkje vore tilstrekkelege. Difor har eg laga ei Radiohead-speleliste. Den er ikkje heilt komplett, men eg skal bygga på han nå og då.

Her.

3 kommentarer:

Mynte Valkyrje Poirot, sa...

Fine, fine bandet.

Renate sa...

Jeg har flyttet helene. Så kanskje du vil oppdatere linken?? :)

God påske

Yri sa...

Funker den nå?