tirsdag 31. mai 2011

Du kan få betalt for å rydde opp i hjernen min

Din ærlighet er ekkel. Eg halder fast handa di, for eg tør ikkje anna. Som er teit. Kva skulle du liksom gjort? Eg hatar meg sjøl litt meir enn eg hatar deg akkurat no, og sjølv om eg burde springe, blir eg sittande.

Sjølvkontrollen drukna i hundre liter øl, saman med all inntekt og fornuft, og eg er alle mest redd for meg sjøl. Du er ikkje farleg, du er ikkje truande, du er ikkje sterk. Du bare minner meg om kven eg har vore før, og, når alt kjem til alt, den eg eigentleg er. Eg kan gøyme meg sjølv, eller i alle fall gøyma vekk dei delane av meg som øydelegger liv. Men folk forandrar seg ikkje, har eg høyrt mange seie. Det er sikkert ganske sant.

Men eg har prøvd så hardt, og eg syns ikkje du skal få lov til å øydeleggja det. Du er ikkje verdt det. Du er ikkje verdt sterkare kjensler enn likgylde, og kanskje litt medynk frå tid til anna.

Likevel sitt eg her å hatar både deg og meg sjølv, har lyst til å grine kvart sekund, og må skrike til meg sjøl, gong på gong, for å hugse kva situsjona mi faktisk er. Du er ingenting for meg, og likevel har du klart å lura deg under huda mi, og bryja å rive meg i stykker.

1 kommentarer:

Mynte Valkyrje Poirot, sa...

Åååh, fint! Og hjarteskjerande og sårt og trist og vakkert og alt på éin gong.