Dette blei kleint.
Uansett. Eg arbeider i Bergen Realistforening, me bookar band til Kvarteret og drikk øl. Det er stas. I kveld speler Storm Weather Shanty Choir, som er eit av Bergens feiteste liveband. Utover det, er konsertvåren sånn delvis klar, med unntak av eit par datoar. Som tidlegare bookingkoordinator og nybakt nestleiar i organisasjona, følte eg at det var mi plikt å laga ei Spotifyliste med alle banda våre på. Den kan du høyre på her.
Kan vel òg nemna at Johnny Cash ikkje har stått opp frå dei daude for å komma på besøk i Teglverket, men det har seg altså sånn at me har eit Cash-tributeband i mai, så eg tok meg friheita til å kaste på favorittlåta mi med legenden.

2 kommentarer:
Velkomen tilbake. <3
Takker :)
Legg inn en kommentar